BARBERING: Guinness Aftershave

in barber •  7 years ago 

Utradisjonell godlukt.

I følgje Wikipedia er Guinness ein turr stout, altså overgjera sterkt øl. Guinness stammar frå Dublin, Irland og er basert på det mørke ølet som vart utvikla i London tidleg på 1700-talet. Det er eit av dei mest vellukka ølmerka i verda, og det spesielle med ølet er at smaken er basert på nybrent bygg som ikkje blir gjæra. I tillegg skal den ha ein tjukk og kremaktig topp.

Eg skjønnar det at eg burde ha smakt Guinness før eg testa denne aftershaven. Men pingle som eg er, så likar eg jo ikkje øl. Men noko eg har drukke litt av, er den særs maskuline drikken Baileys. Og då snakkar vi preteritum, som i fortid. Eg gav meg nemleg på topp med Baileys-drikkinga tilbake i 2005. Då gifta broren seg, og to av mine gode, djevelske vener stod i baren. Eg var allerede tilstrekkeleg snøvla då eg bestilte ein liten Baileys av mine so-kalla vener. Nokre sekund seinare stod eg der med ein halvliter Baileys i handa. Og sidan eg er opplærd til å ete og drikke opp det eg har forsynt meg med, så forsvant halvliteren ned i gapet, for seinare å kome opp att. Vi kan vel trygt sei at eg ikkje hugsar heile bryllaupet.


Photo source

No var det vel ikkje direkte Baileys’en sin feil at det gjekk i svart for meg, men eg hugsar i alle fall godt smaken og lukta. Og eg tykkjer Nevermore Body Company sin Guinness Aftershave minnar om Baileys. Heldigvis likar eg framleis lukta, som eg var redd skulle gjere meg uggen grunna mine tidlegare erfaringar. Men lukta er veldig god. Den er søtaktig, litt som malt, med lukt av karamell og toffé. Her snakkar vi nok kanskje nok ein elsk-eller-hat aftershave frå Nevermore. Men eg elskar den. Og når det viser seg at dama likar den og, så er det jo berre vinn-vinn.

Nevermore Body Company har altså klart det igjen. Dei har laga nok ei utradisjonell, god lukt. Som dei andre produkta frå Nevermore er denne også fri for alkohol og alt anna som måtte vere farleg. Den er vegansk, ikkje testa på dyr og mest truleg laga av den rosa morsmjølka frå ei einhjørninghoppe. Men sjølv om du er ein hardbarka viking som likar at det brenn godt i huda når du brukar heimebrent som aftershave, så betyr det ikkje at du automatisk vert ein femiklatt fordi om du testar denne. Sjølv har eg verken mista potensen eller kjent stor trang til å sjå Kardashians etter at eg byrja bruke aftershaven. Så eg kan garantere at den er trygg.

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

This post has received a 27.78 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.