Undercover Aftershave.
I det siste har eg testa ein del herlege aftershave’ar frå Nevermore Body Company. Desse er kraftige på lukt, noko som gjer at du ikkje treng så mykje av den. Etter ein kjakasplæsj av godsakene kan du lukte på den halve dagen. Noko som passar meg perfekt, då eg likar dei utradisjonelle luktene på alle eg har prøvd hittil.
Lucky Tiger sin After Shave and Face Tonic er den rake motsetnaden. Den har ei frisk og rein sitronlukt. Tigeren er diskrét og lett, i motsetnad til dei meir tyngre luktene frå Nevermore. Men på lik linje med after shave frå Nevermore, er Tigeren behageleg mot huda. Den inneheld aloe vera og kamille, og er uten styggedom-parabenar. Dermed er den sunnare enn sursild for huda. Ja, det viser seg faktisk at sursild ikkje er særleg bra å ha liggande på huda, så ikkje prøv det. Ikkje luktar det spesielt godt heller.
Dette er ein aftershave for dei som vil ha ei meir anonym, og ikkje altfor sterk lukt. Her snakkar vi undercover spionlukt for James Bond og gjengen. Sjølv kjenner eg nesten ingenting av lukta når eg har den på meg. Faktisk vart dama positivt overraska når eg fekk min vekentlege klem, og ho kjende gromgeisen. Så for dei dagane då du vil ha ei mild og beskjeden godnøk i ansiktet, så passar denne heilt ypparleg.
You got a 0.47% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd! Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit