Test: Barber Shop Aftershave

in barber •  7 years ago 


Back to the fifties!

Nevermore Body Company er eit firma i Pittsburgh som produserar old school aftershave i små, handlaga parti. Og her ser produktet ut akkurat slik eg tykkjer det skal. Vi snakkar gamaldagse flasker med falma etikettar. Flaskene kunne vore henta rett ut frå ein 50-tals barbershop. Sjølv om det kanskje ikkje var så vanleg med dødningeskallar då som det er i dag? Med så stilig design måtte eg berre bestille meg ei flaske og teste den ut. Og det angrar eg ikkje på.


Old school

Eg har aldri vore i ein barbershop. Særleg ikkje i ein autentisk ein frå 50-talet eller tidlegare. Og kanskje vert eg lurt av namnet på denne aftershaven. Men så fort eg fekk den i hende og fekk skrudd av korken, fekk eg ein positiv overrasking. Ved første nasadrag lukta den nemleg AKKURAT slik eg har sett for meg at ein gamaldags barbershop skal lukte. Ei herleg blanding av ulike krydder og litt fruktig lukt.

Nevermore Body Company er stolte av å ha veganske produkt laga av naturlege råvarer, utan alkohol. Uansett kor femi det høyres ut, er det alltid betre for huda med naturlege produkt, så dette må vi like. I Barber Shop Aftershave finn vi ekstrakt frå blandt anna grøn te, sukkerrøyr og kirsebær, og den er utan alkohol.
Denne blandinga er berre heilt fantastisk. Dette må nok vere min favoritt opp til no. Den luktar særdeles godt, og får huda til å kjennes mjuk og frisk ut.
Eg kjøpte Nevermore Body Company Barber Shop Aftershave hjå cut-throat.no


(denne testen la eg først ut på heimesida mi)

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

Ikke så femi design da, hehe.

Nei, hovudskallar er sjeldan femi :)

The @OriginalWorks BETA V2 bot has upvoted(0.5%) and checked this post!
Some similarity seems to be present here:
http://www.hoggtann.com/barber-shop-aftershave/
This is an early BETA version. If you cited this source, then ignore this message! Reply if you feel this is an error.

Thanks! That's my website where I first published the article