Kvifor skrevar menn?
Kjære kvinne, her er ein forklaring.
Menn er menn, i alle fall dei fleste av oss. Og enkelte meir so enn andre. Det har det vore ein del snakk om skrevande, egoistiske mannfolk i media. Men vinklinga i media har vore for einsidig. Det fins nemleg fysiske grunnar til kvifor vi menn ikkje klarar å sitje med beina tett. Eller gud forbi med beina tett i kryss, ja med det eine beinet over det andre. Justin Bieber og enkelte andre tvekjønna klarar dette, men ver snill å ikkje samanlikne menn med den førpubertale fjåsa.
Femigutta
Men altså, det fins ein grunn til at vi må skreve. Ein grunn som skil menn frå kvinner. Nemleg forplantningsorganet som stikk ut mellom føtna våre. Dette organet består av ei sjøpølse med to ballar i ein skrukkesekk. Ballar som lev sitt eige liv. Pilten i seg sjølv er jo vand med ein del juling, både frå eigenhand og frå andre meir feminine skapningar. Men det var desse ballane då. Når dei frys trekk dei seg saman og vert kompakte som ein stressball, noko som gjer at vi mosar dei om vi må klaske låra saman. Like gale er det når det er varmt, då strekk pungrotta seg ut som ein godt tygd seigemann. Faren ved samanpressa lår er at dei då kan stikke ut forbi låra slik at vi set oss på rakkarane. Ved begge uheldige høve breier smerta seg umiddelbart frå ytre punghår opp til nyre, lunger og venstre hjørnetann. Vi mistar pusten og går inn i spastisk sjokk om ikkje vi får slept grevlingane fri. Så kvifor vil du oss så vondt kvinne? Eg skjønnar deg viss du er av det fornuftige slaget som set pris på andre kvinner, og ikkje oss machomandige mammadaltar, vi er jo tross alt dritsekkar alle som ein. Eg foretrekker damer eg og. Men kva med deg, heterofile kvinne? Set du ikkje pris på hoppestokken? Vil du ikkje ruge fram søte småmonster i magen din ein dag? Du veit du vil, så vær no litt snill. Lat oss skreve. Slepp pungdyra fri!
Ein annan helsemessig årsak til skrevinga er tarmtottane sine fintfølande mekanismar. Dette veit nok ikkje de kvinner noko om, sidan de ikkje går på do. Men vi menn har noko som heiter “fordøyelsessystem”. Dette er ein magisk innretning som gjer at all maten som ikkje vert nytta fullt ut av kroppen, kjem i retur ut ratata. I dei fleste tilfeller fungerar systemet bra, sett vekk frå ein del gassproblem. Du veit sikkert allereie at vi ikkje har noko som helst kontroll over akkurat den delen. Dersom vi blir tvungne til å halde beina saman går dette direkte ut over tarmsystemet. Kvar gong våre muskuløse mannelår er borti kvarandre, går det nemleg signal frå lår til hovud til rektum om at sistnemnde må knipe og blokkere. Og dette kvar gong låra møtes. Kvar gong seier eg! Kan du då tenke deg kor ulideleg det er for oss menn om vi må sitte som 3 år gamle jenter i teselskap? Det byggjer seg opp eit enormt trykk av slikt. I verste fall kan ting revne. Vil du verkeleg det? Vil du oss so vondt?
For få ting er så herleg, som å sette seg ned på ramma etter ein hard arbeidsdag. Å kjenne natteroa senke seg medan det pressar på i dei nedre tarmregionane. Å frigjere venstrefoten ut frå buksa slik at ein får spredd beina skikkeleg. Med mitt siste andedrett for kvelden, som William Wallace i siste scena på Braveheart, skrik eg ut “friiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiidom” og kjenner forløysninga. Eg er fri.
Skjønnar du no kor livsviktigt det er at vi menn får til lov å skreve litt?
(denne artikkelen la eg først ut på heimesida mi)
@steem-marketing has voted on behalf of @minnowpond.
If you would like to recieve upvotes from minnowponds team on all your posts, simply FOLLOW @minnowpond.
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Du får de mest uinteressante tema til å bli, ja ka skal en si, meir interessante! Hehe! Fortsett den gode skrivingen din pelle!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Luv in the pants
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Hi! I am a robot. I just upvoted you! I found similar content that readers might be interested in:
http://driftnerd.no/skreving/
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Thanks
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
@originalworks
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!
To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
50.00% @pushup from @driftnerd
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit