Løn som fortent?
Det er mykje ein kan sei om barnehagar og dei som jobbar der. Til dømes er det merkeleg at eit samfunn som legg opp til at begge foreldre skal vere i fullt arbeid – ikkje er villige til å betale ei høgare løn til dei som oppdreg ungane våre. Nemleg dei ansatte i barnehagen, som dagleg gjer den jobben du og eg eigentleg skulle ha gjort. Dei gjer det dei kan for å få det beste ut av ungane våre, og dermed sikre framtida.
Men for å ikkje bli alt for politisk og kjedeleg, så er det ein anna ting eg vil nemne. For har du merka at kvinnene som jobbar i barnehagar held seg utruleg godt? Eg trur ikkje det er andre yrkesgrupper som har damer som held seg like spreke, vakre og ungdommelige som i barnehagane. Ja, sett vekk frå min betre halvdel sjølvsagt, som vert flottare for kvart år som går. Men ho er ikkje ei eiga yrkesgruppe – sjølv om det er ein fulltidsjobb i seg sjølv å bu saman med meg.
Men dette er noko som sler meg titt og ofte når eg er innom barnehagen. Og sidan eg har testa ut 3 ulike barnehagar hittil, reknar eg med det er sams over alt. Eg kan med handa på hjartet sei at eg ville hatt store problem med å tippe alderen på desse fagre kvinnene, og eg trur nok eg ville vorte overraska om eg hadde fått vite den faktiske alderen deira. Men kvifor er det slik? Er det rett og slett borna som er ungdomskilda? Held personalet seg unge takka vere småmonstera sine øyredøyvande gaul og skrik, snårete nasar og konstante behov for bleie- og klesskift?
Ho der er sikkert over 60 år.
Det å vere mannleg ansatt i barnehagen må jo også vere ein flott jobb. Mangelvare som dei er her til lands, så vert dei forguda og idoliserte av borna. Og det å jobbe med alle desse flotte damene er nok sikkert heller ikkje dumt. Sjølv om eg får inntrykk av at mannfolka ofte vert misbrukt når det kjem til kven som skal ta seg av vaktmestarjobbane, som å skifte lyspærer og liknande. Då er det tilbake til 50-talets kjønnsrollefordeling.
Uansett, kanskje det er derfor dei ikkje skal få betre betalt? Løna dei får held kanskje, sidan kvinnene held seg so stramme og vakre medan resten forvitrar. Og sidan mannfolka vert forguda og får dagleg sjølvtillitsboost? Kanskje det er god nok løn i seg sjølv?
Det øverste biletet er henta frå: http://www.stjohnswatertown.org/main/school/child_care
Det andre biletet er henta frå: http://www.sheknows.com/parenting/articles/1040219/the-real-cost-of-child-care
Jeg jobbet noen måneder som vikar i en barnehage etter endt utdanning, før jeg fikk meg fast jobb. Det var faktisk en veldig flott arbeidsplass! Slitsomt var det selvfølgelig, men veldig morsomt, og mye mer sosialt enn noen annen jobb jeg har hatt. Jeg jobbet i "storbarnsavdelinga" (3 år og oppover), så jeg ble spart for bleieskift. Jeg gikk også heldigvis glipp av omgangssyke-sesongen, for det er neppe årets høydepunkt blant barnehageansatte.
Og jeg kan ikke si jeg tenkte over det der og da, men når du nevner det så var damene som jobbet der ganske så pene og ungdommelige, selv om de alle var betydelig eldre enn meg!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Ikkje sant? No kan du angre på at du ikkje fortsatte :) kjekt å sjå fleire nordmenn; fleire å følgje :)
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Utrolig bra! Og faktisk helt sant! Barnehagetanter e hot!😂😂😂 keep us entertained!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Det er i grunn merkeleg at ikkje du jobbar i barnehage, du som held deg so strøken :)
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Haha! Du kan spøke du 😂
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
This post has received a 80.00 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Thank you sir/madam
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
4.69% @pushup from @driftnerd
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Thank you madam/sir
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Congratulations @driftnerd! You have completed some achievement on Steemit and have been rewarded with new badge(s) :
Award for the number of upvotes
You published 4 posts in one day
Click on any badge to view your own Board of Honor on SteemitBoard.
For more information about SteemitBoard, click here
If you no longer want to receive notifications, reply to this comment with the word
STOP
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Thank you for the award. Oh my god, I never would have thought this would happen to me. I would like to thank my family, who has supported me through good and bad.
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit