Blåbær i nasen: Snufftest

in norway •  7 years ago 

Men kor er blåbæret?

Tid for ein ny burk med snuff. Denne herlege tobakken vi snusar inn i snyteskaftet, så tårene trillar og nasehåra vert svarte. Lurer du på kva snuff her, så les her.

I dag testar eg nok ein boks frå Toque si Silver Dollar produktlinje. Nemleg Blueberry Snuff. Eg har tidlegare testa ut kirsebærsnuffen av same merket, og den vart godkjend i min test.

Blueberry Snuff har same design som Cherry’en. Einaste forskjellen er blåfargen i bakgrunnen på boksen. Ein kan jo trass alt ikkje ha raud bakgrunn på blåbærsnuff. Det skulle teke seg ut. Men så fort eg dunkar meg ut litt snuff på handa merkar eg ytterligare forskjell. Blåbæren er mykje turrare. Den tørraste snuffen eg har vore borti hittil.


2 ting er seigt med turr snuff. For det første heng ikkje tobakken på handa, men rullar veldig lett av. Dermed må ein vere ekstremt stø på handa for at det skal vere att noko å sniffe inn. Og når ein så får snorta inn ei klype, så oppstår problem nummer 2. Turr snuff er nemleg lettare enn fuktig snuff. Så når eg dreg det inn, fér det med lysets hastigheit inn i nasen. For min del går snuffen rett gjennom nasen og direkte ned i halsen, og eg nys og hostar som ei snuffjomfru.

Etter eit par mislukka forsøk dreg eg meir forsiktigt inn og får ein velluka smak. Ingen headrush og opptur av inntaket, og derfor like lågt nikotininnhald som Cherry Snuffen frå Toque. Litt skuffande i grunn, for det betyr at dette er ein kosesnuff for avslapping. Eg kunne tenkt meg ein oppkvikkar i dag. Pytt sann, eg har andre snuffar til det. Smaken er av tobakk og menthol, igjen det same som på kirsebæren. Men der Cherry Snuff hadde ein kirsebærsmak som kom etter ei lita stund, så gjer ikkje blåbærsmaken det. Eg merkar absolutt ingenting til blåbæra. Dårlege greier. Det er eit lite hint av eit eller anna udefinerbart, men blåbær er det i alle fall ikkje. Dei kunne like gjerne solgt denne som ein mentholsnuff.

Konklusjonen min er at denne er alt for tørr og vanskeleg å ha med å gjere. Ein snuff det er lite vits å bruke pengar på. Då ville eg heller gått for Cherry Snuff.

(denne testen la eg først ut på heimesida mi)

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!

Minimi-och maximigränserna för att sätta in pengar på olika onlinekasinon kan variera beroende på det specifika kasinot. Vanligtvis är minimibeloppet för påfyllning från 10 till 50 dollar, och det maximala kan nå flera tusen dollar. Om du bara vill ha överraska casinofantasten med en upplevelsepresent, släng bara något belopp på hans konto.