Coop Grønnsakssmoothie

in norway •  7 years ago 


Sunt og jævligt. Noke so grusomt.

Når det er ferietid skal ein gjerne kose seg litt ekstra. Dermed vert det mykje råtamat ein stappar i rotten. Hurtigmat og fint brød, medan ein bøttar nedpå brus i litervis. Etter ei stund vert eg merkeleg nok lei dette luksuslivet. Eg byrjar å lengte tilbake til grovbrød og heimelaga middagar. Det var ein slik lengsel som dreiv meg til eit innkjøp eg håpar ingen andre gjer etter meg.

På ein lengre biltur såg eg det naudsynt å stoppe for å handle meg noko å ete. Eg har sansen for små lokalbutikkar, så eg svinga innom Coop Marked på Vassenden. Etter eit raid i brødhylla kom eg over ei smoothiehylle. Smoothie, sjølve eliksiren for eit langt, sunt liv med friske tarmtottar. Og sidan eg først skulle kjøpe smoothie, så var det vel like greitt å kjøpe den som såg fælast ut? Når noko ser grusomt ut må den jo vere sunn, og smoothie smakar vel godt uansett?

Grønnsakssmoothie: Eple, agurk og grønnkål var den som såg værst ut. Fargen på gusja såg ut som det kunne vore knefta ut av ei matforgifta måke med forstoppelse. Sjølv i dystre og mørke science fiction filmar har algegrauten dei lev på meir innbydande farge enn dette. Med andre ord måtte jo denne vere god for helsa. Og med ein pris på opp mot 30 kroner for 250 ml vil eg jo tru eg får forlenga livet med minst 1 år etter inntak.

Eg skrudde av korken, og lukta som kraup mot meg minna meg umiddelbart om nyslege gras. For ein bondeson er det ei god lukt, det er lukta av sommar og skulefri. Sjølv om lukta var god ved første sniff, er det ikkje slik at eg er gira på å ete/drikke gras, men eg måtte jo smake. Dessverre minna den første smaken ingenting om sol og slåmaskin. Smaken minna om vått og gammalt, nærast møgla gras. Tenk deg graset frå plenen, som du har lagt vekk i eit hjørne av hagen. Der har det lige og modnast, er blautt og tungt og det er byrja bli klumpar av kvitt i det. Tenk deg at du tek ei god klype av dette og køyrer i ein blender.


Grønkål - rota til alt ondt?

Dum som eg er så kunne eg ikkje gi meg med den første slurken. Eg har betalt gode pengar for dette, og måtte smake meir. Var det virkeleg så gale? Brekningsrefleksen etter slurk nr 2 tilsa at kroppen var eining. Den var ikkje interessert i å motta meir av dette hageavfallet. Kor var smaken av eple og agurk? Eg kan ikkje sei eg et grønkål så ofte, men smakar den så infernalsk fælt at den overdøyver alt anna? Er det kanskje derfor eg ikkje har vakse opp i ein heim der grønkål var ein vanleg del av kosthaldet? Eg skrudde korken raskt på, for ikkje å stinke ut heile bilen, og la flaska vekk. Eg pusta letta ut over å ha fått sperra inne heksebrygget, heilt til den første rapen kom. Om du trudde smoothien smakte ildt på vegen ned, kan eg forsikre deg om at den smakte 2,7 gonger verre på veg opp att.

Kven i all verda likar dette? Ikkje ein gong ein uttørka skipbroten uten smakslaukar hadde drukke dette frivilleg. No har det seg slik at eg er tilhengjar av ordlyden “har du ikkje noko fint å sei så hald kjeft”, men sidan eg faktisk er medeigar i Coop-kjeda meiner eg at eg har rett til å uttale meg, positivt og negativt. Og så fort eg vert invitert til eigarmøte i Coop skal eg leggje fram mitt synspunkt om denne gyselege suppa, og forhåpentlegvis få slutt på styggedommen. Og til den prisen som sjølvpininga kosta skulle ein tru at ein slurk førte til umiddelbar udødelegheit. No har eg jo ikkje prøvd å døy enda, så det kan jo forsovidt hende det har virka på den måten, men noko seier meg at det ikkje har det.

Heldigvis har Coop også ein jordbær- og banansmoothie. Dersom eg føler trang til noko sunt att, så køyrer eg safe og går for den.

(Testen er henta frå heimesida mi)

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

HAHA!!

Fantastisk bra skrevet! kjente smaken her eg ligg på vei i seng fra nattskift! Er veldig imponert over skrive ferdighetene dine :D
Keep it coming!

Takk skal du ha snuskepus.

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!

To enter this post into the daily RESTEEM contest, upvote this comment! The user with the most upvotes on their @OriginalWorks comment will win!

For more information, Click Here! || Click here to participate in the @OriginalWorks sponsored writing contest(125 SBD in prizes)!!!
Special thanks to @reggaemuffin for being a supporter! Vote him as a witness to help make Steemit a better place!

Hi! I am a robot. I just upvoted you! I found similar content that readers might be interested in:
http://www.hoggtann.com/sunt-og-jaevligt/

Thank you mister robot, that's actually my site.

Veldig braskrevet, MORSOMT :D

Takk for det! Det hender eg får det til :)

Denne gangen klarte du det virkelig :D

Alla har sin egen strategi för att maximera vinster och minimera förluster när man spelar online-kasinon, inklusive bankrollhanteringsmetoder. Det är extremt svårt att föreslå något, allt beror på online casino, själva spelet och storleken på insatsen. Det är samma sak som att fråga om förstå skatteplikten för spelvinster från utländska casinon. Du kan ange informationen.