Førsteinntrykk?
Eg tok telefonen og opna med min standard velkomsthelsing; "Kva kan eg hjelpe deg med". Men eg høyrde fort at noko var gale. Ho snøvla og brukte lang tid på orda. Kva hadde ho drukke? Kvar setning ho sa tok ei halv evigheit. Av og til stoppa ho opp midt i ein setning, tok ein pause, og byrja setninga på nytt. Har ho røykt noko? Eg irriterte meg og kjende eg vart varm i topploket. Tenk å vere so frekk. Tenk å ringe oss når ho har rusa seg? Ho snakka vidare, sakte og utydeleg. Eg ville rive meg i håret i frustrasjon. Eg skjønte at samtalekvoten min for dagen gjekk i grus med denne samtalen. Eg ville avslutte. Bli ferdig! Eg byrja avbryte ho. Eg gjetta meg til kva ho ville, før ho fekk fullføre setningen sin.
Eg gjetta feil. Ho byrja på nytt. Ho byrja stamma og no. Det gjekk det enda seinare. Eg sat ytterst ute på stolen og kjende svetten piple ut frå armhola. Endeleg fekk ho fram kva ho lurte på. Eg svara ho, kanskje litt for raskt. Ho skjønte ikkje. Å herre min gud i himmelen. Eg forklarte det på nytt, medan eg knytta nevar for å halde stemma noko lunde roleg. Ho skjønte det. Halleluja! Eg var klar til å leggje på. Men då takka ho meg. Ho takka for at eg hadde vore tolmodig med ho. Ho hadde nemleg hatt hjerneslag for ei stund sidan og hadde ikkje kome seg skikkeleg att. Eg sank ned i stolen min.
Geitebildet er henta frå: http://www.hobbyfarms.com/hobby-farms-editorial-blogs/farm-inspiration/be-curious.aspx
Tyggemannbildet er henta frå: http://technews.tmcnet.com/channels/auto-attendant/articles/182806-auto-attendant-etiquette-five-ways-not-send-customers.htm
Er veldig fort gjort å dømme ved førsteinntrykk, og det henger veldig ofte i en stund! Det er ofte en grunn til at folk oppfører seg på en spesiell måte
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit