HYGIENE: Sterilan billigdeo

in norway •  7 years ago 

God gnitastank.

Deodorantar er i grunn ufatteleg kjedeleg. For meg er deo noko uinteressant, som ikkje gir meg noko helst, men eg må jo ha det for ikkje å stinke ihjel dei rundt meg. Roll-on gir meg alltid sår hud, og spray varar ikkje lenge nok. Det einaste som funkar for meg er stick, men ikkje kva som helst stick. Forever sin stick til dømes, som eg testa tidlegare, var direkte grusom og gjorde meg sår.

Ein sjukehustur til verdsmetropolen Førde er ikkje komplett utan ein tur innom Sparkjøp. Og blandt dagens fangst vart det ein deostick eg ikkje hadde prøvd tidlegare. Ein 10-kroners stikke med det beskjedne namnet Sterilan Men Xtra Cool Advanced Active Reserve Antiperspirant Deodorant Stick. Lat oss berre kalle den Sterilan frå no av. Og nemnde eg prisen? 10 kroner folkens! Kva får ein eigentleg for 10 kroner i dag? Ikkje ein gong ein kopp kaffe, for dei som driv med slike narkotiske stoff. Då kan vel denne nøka (les: lukt) umogleg vere god?

Designen er kjedeleg, men kven bryr seg når den er så billeg. Plasten er traust og skrumekanismen som dyttar stikka opp er enkel og solid. Kva med lukta? Lukta er menthol med noko attåt. Frisk, men mandig, uten at den luktar for kraftig. Godstanken varar i tillegg heile dagen, på trass av stress på jobben og gaul i heimen. Og best av alt? Den er søt, snill og forsiktig med skinnet mi. Ingen antydning til sår hud i kitlehola. Og dette for 10 kroner folkens!

Viss du, som meg, vil ha ein enkel og billig deodorant som funkar til det den skal så kan eg absolutt anbefale denne Sterilan’en frå Lilleborg. Kom deg til Sparkjøp og bruk opp vekeløna di.

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  
Loading...

Hi! I am a robot. I just upvoted you! I found similar content that readers might be interested in:
http://www.hoggtann.com/billig-deotips/

Thats absolutely correct! As you know, that's my old website. Thanks for helping out @Cheetah!

You're so nice for commenting on this post. For that, I gave you a vote! I just ask for a Follow in return!

This post has received a 10.69% upvote from thanks to: @driftnerd.
For more information, click here!!!!
Send minimum 0.100 SBD to bid for votes.


The Minnowhelper team is still looking for investors (Minimum 10 SP), if you are interested in this, read the conditions of how to invest click here!!!
ROI Calculator for Investors click here!!!