Kill All Humans

in norway •  7 years ago 


Evolusjonen er død.

Det er ikkje lenge sidan eg fjerna mandlane. Dette har sett tankane i sving. For burde det eigentleg vere naudsynt for meg å fjerne dei? Kvifor har ikkje evolusjonen teke hand om dei for meg allerede?

Tenk på alt tullet vi har i kroppen, som vi ikkje treng. Ikkje berre mandlar, men blindtarm og polyppar. Vi har ei nyre til overs, og med all sofasittinga treng vi ikkje 2 lunger. Med den aukande mengda av fedmeoperasjonar som vert utført kvart år, så er det jo tydeleg at vi ikkje treng så mange tarmtottar heller. Så kvifor har utviklinga av menneskerasen stoppa opp? Kvifor er det ikkje som i X-Men, der heltane har telepatiske emner, laserauge og emna til å kontrollere vêret?

Svaret er at vi er for mange her i verda. Jorda er overbefolka. Det er ingenting som truar den stadig dummare menneskerasen som einheit, i den grad at vi tek evolusjonssteget vidare. Så kva skal vi gjere med dette? Det er litt drastisk å byrje å luke ut folk. Det har vore prøvd før, og har naturleg nok ikkje vorte så godt motteke. Og med alt mitt eige avkom er eg jo ikkje eit eksempel til etterfølgjelse. Men kanskje eg har ein plan. Kanskje vi må ty til litt ekstreme metodar for å tvinge evolusjonen fram?

Mennesket har vorte mindre hårete med åra. Frå vi var pelskledde apekattar har vi mista meir og meir av kroppshåra etter kvart som vi byrja å bruke klede. Det må jo bety at dersom eg hiv ungane nakne ut i vinterkulda, med jamne mellomrom, så vil dei bli meir hårete. Og om ikkje dei, så kanskje borna deira igjen? Men eg har ikkje behov for borneborn med pels. Eg lurer meir på korleis eg skal få dei til å utvikle evna til å fly? Skal eg kaste dei ned frå hustaket eit par gonger i veka kanskje? Eg tek imot tips med takk.

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order: