Kjøp blomar til mann din!

in norway •  7 years ago 


“Du er heldig. Eg får aldri blomar eg”. Dette er standardsvaret frå venninnene av kvinnfolk som har fått blomster av sin utkåra. Og dei har rett. Ho er heldig. For det er altfor få av våre vakre, feminine skapningar som får fargerike planter på jamnleg basis. Enten det dreiar seg om levande potteplanter eller halvdaude/beskårne bukettar.

Men ligg denne forventinga og surrar rundt i lufta? At alle damer skal få kasta blomster etter seg, både til kvardags og til fest, og gjerne litt utom det og? Men med tanke på likestillinga må eg få lov å spørje; Kva med oss mandige menn? Kvifor skal ikkje vi få blomster? Det er klart det at konemor fortente litt merksemd i hine, hårde dagar, då ho gjorde alt i heimen. Men no gjer jo vi mannfolk alt utenom å amme. Ja, nokre tvilsome menn prøver kanskje på dette og. Men kvar er våre blomar og buskvekster?

Eg hugsar faktisk den første blomsteren eg fekk. Sikkert avdi eg ikkje har fått særleg mange. Eg er jo mann og fortener visst ikkje slikt. På vidagegåande fekk eg ei flott potteplante av mine abnormalt vakre klassevenninner. Dette i samband med ein av litt for mange vorspiel eg haldt på den tida. Det kom svært overraskande på meg, og eg vart veldig glad for den. Seinare har eg kun fått blomster ved spesielle anledningar, som runde dagar, babyar i fleng og nye jobbar.

Eg er ein særs heteroseksuell, mjuk mann, med ein skokk med ungar og mandige interesser som motorsport og organiserte TV-slåstkampar (les: UFC). Med tanke på at eg likar blomar, då likar garantert andre menn blomster og. Så kvar er våre fargerike planter? Når var sist gong du, kvinne, kjøpte ein bukett til mannen din? Og du, maskuline mannabein, når var sist gong du fekk ei plante frå dama di?

Så ta utfordringa kvinne! Vent ikkje! Gå ut i dag, kjøp ein blomster, og ta med heim til din verre halvdel. Overrekk den med nokre ømme ord, og gjerne med ein klem eller det som betre er. Og om du ikkje skulle finne ein blomsterbutikk, så likar vi andre ting og. Sjokoladepudding. Julebrus (frå Lerum sjølvsagt). Ein Blu-ray film. PlayStation-spel. Ein 6-pakning øl. Ved nærare ettertanke… drit i blomster, kjøp øl. Alltid øl.

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

Hahaha! Fantastisk! Du imponerer stadig!

Takk for det :)

Always beer!

YES!

Haha :)