Kynisk oppdragelse

in norway •  7 years ago 


Eller?

Det er ikkje mange år sidan det var eitt-barns-politikk i Kina. Sett vekk frå nokre unntak, så var det ikkje lov for eit kinesisk par å ha meir enn eitt born. Ein stor marknad for sal av prevansjon der altså. Dei etterlengta småtrolla vart derfor ekstremt vekkskjemd av både foreldre og besteforeldre, naturleg nok. Men sjølv om dei får alt dei peiker på, og vert stappa full i mat og søtsaker, ligg det heile tida klare forventingar frå dei vaksne. Dei forventar perfekte resultat på skulen, og at ungen skal bli vellukka og framgangsrik. Dei er nemleg avhengig av det. Når eit kinesisk eineborn vert vaksen, vil det etterkvart kunne bli økonomisk ansvarleg for både foreldrene og 4 besteforeldre. Det er derfor veldig mykje som står på spel for dei eldre partane. Med framtida si i tankane, er det dermed viktig for dei vaksne, at dei legg alt til rette for at bornet skal bli mest mogleg vellukka.

Noko som er viktig for alle ungar, er vener å leike med. Her i gode, gamle Noreg, lev vi alle bedageleg. Småtassane våre kan stort sett velje leikekameratane sine sjølve. Ungane våre har jo ikkje akkurat dei største krava hengande over seg. “Du kan bli akkurat det du vil, gullet mitt”. I Kina, og sikkert i andre land og, har dei rett og slett ikkje råd til å tenkje slik. Der vert ungane satt til å leike med dei av ungane som ser ut til å ha best framtidsutsikter. Ein vil ikkje la bornet sitt, som i realiteten er den framtidige alderspensjonen, leike med bøllefrø frå dårlege familiar. Nei, gullungen skal leike med born frå øverste hylle. Born som har foreldre med penger eller kontaktar, som ved seinare høve kan føre til at gullet kan ta eit steg opp på rangsstigen. Dette ser gjerne kynisk ut, i våre auge.

Her i Noreg skal ungane våre få gjere som dei vil. Når dei vil. Om dei vil. Vi skal gi borna våre alle muligheitar i verda. So mange muligheitar at ungane vert reint apatiske, og ikkje har snøring på kva dei vil eller skal gjere. For med alle muligheitene vi tilbyr, seier foreldre eigentleg “gjer kva du vil”, utan at vi tek bryet med å rettleie dei. Og vi skal for Allahs skuld i alle fall ikkje presse dei til noko! Samstundes klagar norske foreldre på barnehage og skule om noko skulle gå gale, medan vi i realiteten ikkje ein gong gidd å oppdra ungane våre sjølve. Vi set krav til opplæringsinstitusjonane, men ikkje til borna. Foreldre sørjer ikkje ein gong for at småmonstera lærer seg normal folkeskikk.

Medan vi let oppførselen på våre eigne ungar skli ut, så må vi likevel passe på å ta ansvar for andre sine ungar. Vi må vere politisk korrekte og vise solidaritet til den stakkars jenta som ikkje vart invitert i bursdag. Neste gong vårt eige born har bursdag endar det med at vi må invitere alle dei 437 elevane på skulen i bursdagen, slik at ingen skal føle seg utelatt. Og skulle vi høyre om eit born som har det vanskeleg, ja då må vi for ein gongs skuld bruke tvang på barnet vårt. For då må vi invitere dette ulykksalige bornet med heim slik det kan leike med junior. Vi skal nok ordne opp i den vetle, stakkaren sitt liv, sjølv om vi ikkje har styr på vårt eige born.

Vi vann i Lotto den dagen vi vart fødde. Vi har det for godt i oljenasjonen Noreg. Vi har klede, mat og ein plass å bu. Dei fleste av oss har aldri måtta “talt på knappane” i kvardagen. Mange av oss veit ikkje kva det betyr eingang. Og nei, det at du ikkje har råd til den nyaste PlayStatione ellerIphonen, betyr ikkje at du er fattig. Vi tek for gitt at alt går bra, og har for lengst gitt opp alle ambisjonar – slik som EselGuten syng om. Vi har det so godt at vi sit fedmefeite i sofaen og let livet passere, medan vi har augene på skjermen. Vi kan alltids lage oss ein unge, om vi orkar det kroppslege slitet det inneber. Så kan ungen verte oppdregne av barnehage og skule, for so å flytte ut. Foreldre og besteforeldre er ikkje avhengige av oss. Gamlingane stuar vi berre på ein eldreheim, for deira eiga rekning. Er vi heldige kan det hende vi arvar ein skvett når dei dauar. I Kina derimot, kan eit nygift par vere økonomisk ansvarleg for 12 personar. 2 foreldrepar og 4 par besteforeldre. I tillegg til seg sjølve. Og etterkvart eit born. Eit born dei vil gjere alt dei kan for at skal bli vellukka.

Kynisk eller ikkje, i eit land med over ein milliard menneske, må du stå på om du skal overleve. Kanskje vi skulle bli flinkare til å ta ansvar for våre born? Å oppdra dei skikkeleg, og å rettleie dei. Til og med setje krav til dei.

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

Hi! I am a robot. I just upvoted you! I found similar content that readers might be interested in:
http://www.hoggtann.com/kynisk-oppdragelse/

You never dissapoint me. Thanks for finding my website.

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!