Ein unytta ressurs?
I følgje World Food Programme er det ca 795 millionar menneske her på jorda, som ikkje har nok mat til at dei kan leve sunne, aktive liv. Og i det vi kallar utviklingsland er heile 12,9% av befolkinga underernært. Vi har eit fordelingsproblem her i verda. Vi sutrar dersom ikkje vi får kjøpt tak i 13 kg ribbe til jul, medan vi ikkje tenkjer på å fordele vår overflod av mat med dei mindre heldige. Men må det vere slik? Fins det ei løysing?
Løysninga er så enkel at det nesten er merkeleg at ingen har gått satsa på det før. Sjølvsagt kan ein sende mat til dei som lid, eller ein kan gå i gang med planting av diverse etelege vekster i deira område. Men det kan bli enda enklare. For på dei plassane der folk flest svelt, fins det som regel massevis av unytta, etelege ressursar, nemleg menneske. Dette mangfaldige, tobeina dyret som visstnok smakar som kylling.
Alle er jo flaue over at vi kastar for mykje mat, men kva gjer vi med våre døde? Jo vi grev dei ned, eller brenn dei opp. Kan dei ikkje nyttast betre? Omtrent alle er jo organdonorar no om dagen. Delar av vårt avdøde lekam kan dermed nyttast for å redde liv. Treng du ei nyre? Vær så god! Ei hornhinne? Forsyn deg! Eit hjarte? Vel bekomme! Så kvifor skal vi då ikkje kunne donere vårt kjøt og flesk i tillegg? Då går jo minimalt til spille.
Tenk deg kor mange ulike og spanande smaksnyansar kjøtet vil gi og. Vi her i grådige vesten vil at alt skal vere økologisk og frittgåande. Vi vil til dømes ha kjøt der dyra er fora på ein spesiell grastype, slik at kjøtet er ekstra saftig, eller smakar noko ekstra. Tenk deg no for eit utval vi får, både økologisk og ikkje. Vi kan klassifisere menneskekjøtet inn i ein haug ulike kategoriar. For Vossingar, som absolutt skal røyke all mat dei kjem over, så kan jo dei kose seg med ein gammal storrøykar. Vil du ha sunn mat kan du ete ein sportsutøvar. Vil du ha junkfood til laurdagskvelden kan du knaske i deg litt flesk frå nokon som har døydd av overvekt. Eller er du meir interessert i å prøve litt meir regionale rettar? Kinesisk? Italiensk? Noko frå det franske kjøken kanskje? Eller er du meir interessert i kortreist og kjend mat? Kva med bestemor?
Og vips, så var eit av verdas problem løyst. Nobelpris neste?
@originalworks @steem-untalented @gentlebot @resteemable
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!
To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Hi! I am a robot. I just upvoted you! I found similar content that readers might be interested in:
http://www.hoggtann.com/menneskekjot/
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Thanks Cheetah! It's been a while. Thank you for linking to my old website :)
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
This post has received a 59.81 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit