Mattips: Fleskasaus!

in norway •  7 years ago 

Enkel tradisjonsmat.

Før Saftkokarane, hadde Sogndal Fotball ein fanskare kalla Fleskaberget. Før kvar heimekamp varma dei opp på Lægreid Hotell, med fleskasaus på menyen. Fleskaberget daua ut etter kvart, men den tradisjonsrike fleskasausen, med røter tilbake til kritt tida, slik cirka, er framleis like nydeleg. Og er du klar over kor enkelt det eigentleg er å lage denne tjuktflytande herlegheita?

Fleskasaus:

– Lag kvit saus
Ingrediensar:
1 spiseskei smør (skikkeleg smør, ikkje noko femi-light-greier)
2 spiseskei kveitemjøl
4 desiliter mjølk
ca. ¼ teskeis salt

Slik gjer du:
Smelt smøret i ein kjele. Rør inn mjølet til blandinga er jamn og utan klumpar. Spe i mjølk litt etter litt medan du rører. Rør til sausen kokar mellom kvar gong og pass på at den ikkje har klumpar. Lat sausen koke i 5 minutter etter at den er ferdig spedd.

– Kutt opp og steik flesk/bacon. Masse flesk. Skikkeleg flesk med ekte feitt på.
– Kok poteter til å ha ved sidan av.


– Hiv ferdig steikt flesk oppi den kvite sausen og rør den inn.


– Min personlege anbefaling er at du kneftar potene saman med fleskasausen, til ein sexy graut.
– Et til du kjenner at buksa er vorte for liten, til du kjenner tarmtottane er i ferd med å sprekke, og til boxeren strammar på feil plassar.

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

Fantastisk mat, ser ikke så delikat ut men må prøves :-D

Det er rett og slett fantastisk! Og so så sunt... trur eg.

The @OriginalWorks bot has upvoted(0.5%) and checked this post!
Some similarity seems to be present here:
http://www.hoggtann.com/fleskasaus/
This is an early BETA version. If you cited this source, then ignore this message! Reply if you feel this is an error.

This post has received a 80.00 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.