Ready Player One
av Ernest Cline (2011)
Året er 2044. Den ekte verda er ikkje nokon lukkeleg plass å vere i, så jordas populasjon bruker fritida si i ein virtuell verden kalla OASIS. Den avdøde utviklaren av OASIS, ein Steve Jobs type, har gøymt hemmelige gåter rundt om i den virtuelle verda. Den som klarar å løyse gåtene og finne tre nøklar vil arve heile den gigantiske zillionformua hass. Mange år har gått sidan utviklaren døydde, men ingen har klart å løyse første gåta eller å finne første nøkkel.
Det er her vår helt kjem inn i bilde. Wade Watts er ein white trash skuleelev, (på ein virtuell skule sjølvsagt). Med avdøde foreldre bur han hjå si fæle tante i “the stacks”, eit område der campingvogner er stabla oppå kvarandre i x antal etasjar. Wade bruker alt av fritid på jakta etter nøklane. Sidan utviklaren av OASIS vaks opp på 80-talet er gåtene hans relaterte til desse skulderputeåra. 80-tals populærkultur er derfor kome tilbake for fullt etter hans død. Dei som deltek i jakta på nøklane studerar alt dei kjem over frå tiåret. Boka er derfor full av referansar til musikk, filmar, videospel etc frå epoken.
Sjølv får vi stadig påminningar om 80-talet via musikkvideoar, reklamar og liknande. For oss er det ikkje so frykteleg lenge sidan permanent var in. Dei som er fødde i 1990, og seinare, forstår garantert mange av referansane, samtidig som historien tek plass i ein MMO, med detaljar rundt dette som World of Warcraft-generasjonen lett kjenner seg att i. Dermed er det ei bok dei fleste kan relatere til. Men det er sjølvsagt ekstra kjekt dersom ein kjenner litt til videospel-, musikk-, tv- eller filmhistorie.
Boka er veldig spennande frå byrjing til slutt, med minimal dautid. Boka er lettlest og du vert driven fram gjennom kapittel etter kapittel. Førebu deg likevel på at det kan bli småpausar i lesinga for å sjekke ut ein referanse eller to som du ikkje kjenner til. (Nett inn på Spotify og sjekke ut eit band eg ikkje har høyrt om!) For ein film- og videospel nerd som meg var det mange artige tilbakeblikk og gode minner frå eigen barndom som poppa opp i bakhovudet. Eg kosa meg rett og slett gjennom heile boka.
Historia er faktisk så bra at Steven Spielberg har sagt ja til å produsere filmversjonen, noko som er litt artig sidan han sjølv får litt tyn i boka. Eg ser ikkje heilt for meg korleis dei skal løyse enkelte scener frå boka. Til dømes eit kapittel der hovudpersonen blir dregen inn i- og må spele ut filmscener frå den klassiske WarGames frå 1983 (trailer nedanfor) – ein film du faktisk må sjå. Eg håpar dei får dataanimert Wade Watts inn i orginalfilmen, og at dei ikkje byrjar med nyinnspeling av WarGames inni Ready Player One-filmen. Anyhow… du kan ventelitt til filmen kjem, men eg vil anbefale boka på det sterkaste. Eg trur ikkje du vil angre.
(Reviewen er henta frå mi heimeside )
@originalworks
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted it!
To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!
To enter this post into the daily RESTEEM contest, upvote this comment! The user with the most upvotes on their @OriginalWorks comment will win!
For more information, Click Here!
Special thanks to @reggaemuffin for being a supporter! Vote him as a witness to help make Steemit a better place!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit