Ei morosam(?) erfaring med sjukehussåpe
Sjukehusopphaldet ved fødselen vart litt lengre enn planlagd. Dermed vart det naudsynt for meg å teste ut fasilitetane på huset. Grunna mangel på badeland ved norske sjukehus, vart ein dusj det næraste eg kunne kome. Kledd i mi slitne Adams drakt, som er vorten ekstra sigen etter fødsel nummer fire, var eg klar for ein vask.
Bada på romma på barselavdelinga er eit kapittel for seg sjølv. Spesielt utforma for nybakte mødre, er badet ein jungel av dispenserar, bosskorger, og apparatur ein vanleg mann knapt skjønnar bæret av. Etter å ha rota meg borti ein intimdusj ved toalettet, fann eg heldigvis den vanlege dusjen lokalisert i eine hjørnet. Eg vrei om krana og fekk etterkvart justert vatnet til medium grill. Neste steg er såpe og sjampo. Sjølvsagt hadde eg ikkje tenkt på å ta med slikt, og like sjølvsagt hadde snuppa det.
Men som de av dykk med kvinnelege livspartnerar veit, så er det ikkje like enkelt å skjønne kva som er kva. Ein kan tydelegvis ikkje kalle ein spade for ein spade, eller ein sjampo for ein sjampo i den feminine delen av verda. Etter å ha leita gjennom eit halvt dusin flasker, uten å skjønne ein tøddel av kva som var kva, såg eg lyset. Løysninga hang på veggen. Ein såpedispenser!
Sterisol Shower Soap & Shampoo. Kan det bli tydeligare, eller enklare? Akkurat det eg treng. Men teksten på posen burde kanskje advart meg. “Utan konserveringsmiddel” stod det. Vil det sei at såpa er ferskvare? Eg ville jo trudd at det var ein fordel at såpa haldt seg ei stund i dispenseren. For kven veit kor lang tid det tek mellom kvar gong såpa vert utskifta? Og sidan den faktisk er merka “uten konserveringsmiddel” må jo det bety at den i utgangspunktet TRENG det for å halde seg uten å møgle, eller liknande.
Halvskeptisk fyllte eg likevel handa full og gnei det inn i mitt fyldige, vakre hår. Og for ei kjensle det var. Når eg drog handa gjennom manken kjentes det ut som eg klappa ei ihjelkøyrd katte, størkna i blod og involljus, funnen i ei grøft 3 veker etter flatmosen. Eg byrja å skjønne kvifor eg ikkje har sett Sterisol-merket i daglegvarebutikken. Men kva skulle eg gjere? Eg måtte jo vaske meg.
Med skrekk i kroppen gjekk eg over til skjegget. For dei av dykk som ikkje veit det, så er skjegg tørrare enn vanleg hovudhår. Skal ein ha eit flott skjegg er det derfor lurt å bruke produkt som er spesielt tilpassa dette. Sterisol Shower Soap & Shampoo er IKKJE designa for hakepels. Sjå for deg eit langhåra teppe som har lige 27 år i det felles opphaldsrommet på ein studentheim. Eit teppe som regelmessig har vorte dynka i alkohol, kroppsvæsker og ulumske stoff eit par gonger i veka, gjennom alle desse åra. Og som i beste fall har vore halvhjerta reingjort ein gong i året. Dra så fingrane gjennom dette, og du veit korleis skjegget kjennest med denne såpa.
Heldigvis var lukka av å få mitt vakre born så stor at det overskugga ein triviell ting som livlaust hår og skjegg. Men neste gong du skal på sjukehus, ta med deg din eigen sjampo og såpe.
(denne testen la eg først ut på heimesida mi)
Noen sånne der combi såper er rett å slett forferdelige, tilogmed for oss som ikkje e så nøye på det!
Håret blir som stålull!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Kanskej eg skulle ha skinna meg igjen :)
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Hi! I am a robot. I just upvoted you! I found similar content that readers might be interested in:
http://www.hoggtann.com/ta-med-sjampo/
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Thanks! yup, that's my site :)
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Heldig som har Cheetah som følger med!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Elskar Cheetah :)
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
@originalworks
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!
To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit