Vil det nye pizzavåpenet innfri?
Nasjonen Noreg var i krise. Halvfrosen kjøtdeig hindra det stolte folkeslaget i å ferdigstille sine favorittrettar raskt nok. Med steikespade i ei hand, og gaffel i den andre, kjempa det norske folket ein blodig kamp. Heldigvis kom dei gode menneska i Hackit med ei løysning som skulle redde oss alle. Nemleg, ja.. Hackit. Norske menn og kvinner kunne pusta letta ut, i vissheit om at Noreg var blitt ein enda betre plass å leve i.
Hackit!
Lite visste vi, at eit anna helgeproblem skulle slå nedover oss som ei atombombe på steroidar. Tacoen var redda, men korleis i all verda skulle vi klare å kutte langpannepizzaen OG skorpa? Ein pizzakuttar kjem jo ikkje ut i kantane! Og det å bruke ein kniv? Vel, vi er ikkje barbarar heller. Så kva skal vi gjere med skorpa? Elska av nokre, hata av andre, denne kontroversielle kanten skapte hovudbry ein ikkje treng på ein ellers flott laurdag. Ein kan vel ikkje forvente at ein skal flytte pizzaen over på eit større underlag, for so å kutte den opp skikkeleg. Det tek jo minst 2 minutt ekstra. 2 minutt vi heller kunne brukt på TV. Det er lite aktuelt. Men nok ein gong tok Hackit-gjengen ansvar og satte i gang produksjon av Sliceit. Ein pizzakuttar med kantklippar? Eller skorpekniv kallar dei det visst. Eg hadde uansett ikkje noko val. SliceIt måtte kjøpast og testast.
Den nye frelsaren.
Førsteinntrykket er plastikk fantastikk. Medan Hackit er ein massiv plastbit, og kjennes ut som noko ein kunne slege i hjel ein hest med, er SliceIt i fleire delar. Den kan enkelt demonterast for lettare reingjering. Ikkje dumt for den som driv med slikt. Sjølv om det er plastikk kjennes den solid ut. Eg tykte hjulet virka sløvt, og såg ikkje heilt for meg korleis eit plastikkhjul skal klare å kutte gjennom pizzabotn.
Første pizza klar, lat oss sette plastikken på prøve. Etter nokre minuttars kvile set eg hjulet ned og slice’ar i veg. Botn er som seigemann, og ved første drag kjennes det ikkje ut som hjulet går skikkeleg gjennom. Det kjennes meir ut som å dra ein leikebil over eit litt ruglete underlag. Men når eg sjekkar etter viser det seg at delinga har gått perfekt. Hjulet funkar, lat oss prøve skorpekuttardelen. Med halvseig botn funka den geniale nyvinninga dessverre ikkje optimalt. I alle fall ikkje om du kuttar rett opp og ned, som Lars Vaular ville sagt det. Men med litt pønsking fekk eg inn teknikken. Ved seig til halvsprø botn gjer følgjande: trykk ned og vri. Ikkje fullt så enkelt som på reklamen, men det funkar. Pizza nummer 2 vart litt for godt steikt, eg var jo tross alt oppteken med det nye leiketøyet. Botn vart litt for sprø, nærast som kjeks. På denne pizzaen fungerte Sliceit ypparleg, uten at eg måtte vri for å få løyst skorpa.
Trykk ned...
…og vri!
Konklusjon:
Sliceit fungerar perfekt på pizzakjeks. Ved vanleg pizza gjeld det å ha trykk og vri-teknikken inne. Slik sett er den godkjend. Men det store spørsmålet gjenstår: er det tidsbesparande? Med vanleg pizzahjul har min teknikk vore å vippa pizzaen over kanten til alle fire retningar av langpanna, for å få skorpa på motsatt side klar frå kanten og ned på plata. Dette går ganske kjapt, men på slutten, når mange bitar er lause, kan ein ved uhell miste ned nokre stykkjer når ein jukkar på pizzaen. Med litt øving sit teknikken med Sliceit inne og ein slepp å rugge pizzaen hit og dit. Ein slepp i tillegg faren ved å måtte bøyge seg ned og plukke opp pizzastykkjer frå golvet. Eg ansler derfor at Sliceit gir ei tidsbesparing på 17,4% i forhold til bruk av vanleg pizzakuttar.
På tide å stappe rotten.
Er det då verdt det? Sjølvsagt! Alt som kan hjelpe med å få pizza fortare inn i rotten min er gull verdt. For som det gamle ordtaket seier: “Pizza er som sex. Uansett kor dårleg det måtte vere, så er det alltid litt godt likevel”. I tillegg sponsar Hackit- og dermed Sliceitgjengen fantastiske drifterar (les: motorsporten drifting) som Stig “Smygen” Wilhelmsen frå Bergen Drift Team. Så når eg kjøper ein Sliceit renn det kanskje nokre øre vidare på han og? Då er det i alle fall ikkje noko å lure på. Kjøp!
(testen er henta frå heimesida mi)
@originalworks
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted it!
To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!
For more information, Click Here!
Special thanks to @reggaemuffin for being a supporter! Vote him as a witness to help make Steemit a better place!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit