Test: PGS Splash Whiskey

in norway •  7 years ago 


Ship o’hoi!.

Movember er over, og det er på tide å få vekk barten, til fordel for auka skjeggvekst. Ein ny aftershave må testast ut, denne gongen Portland General Store sin Sea Mineral After Shave Splash Whiskey.

Portland General Store (PSG) vart danna av eit sambuarpar, som starta opp produksjonen på kjøkenet sitt i Portland, Maine i 2007. Etter nokre år med eksperimentering gav dei ut produktlinja si. Forretningsidéen er luksuriøse, høg-kvalitets produkt for menn, handlaga med naturlege ingrediensar og eit lekkert design. Har dei lukkast?

Sea Mineral After Shave Splash Whiskey (kva er greia med desse lange namna?) kjem i ei lekker 120 ml gamaldags glasflaske, med ein lekker old school etikett. Bokstavane i PSG-logoen er inspirerte av dei stempla logobokstavane ein finn på gamle våpen, frå blandt anna Smith & Wesson, og gir inntrykk av at dette er eit firma som har vore aktivt sidan 1880-talet.

Whiskey er feita ut med stor skrift på framsida, men noko særleg whiskeylukt klarar eg ikkje å spore av aftershaven. Kanskje like greitt sidan eg ikkje er den ivrigaste whiskey-drikkaren. Lukta er derimot frisk og syrleg, litt skogaktig, med tonar av både søte blomster og noko krydderaktig. Den minnar meg faktisk om Old Spice og The Holy Black sin Gun Powder Spice, som eg har testa tidlegare. Men lukta på denne (frå PSG) er mildare, med meir fokus på skog og blomster, enn på krydder. Likheita til Old Spice gjer likevel at eg skjønnar kvifor Portland General Store skriv at aftershaven skal minne om ein “ol’ yachtsman relaxing below deck at the end of a long day on the wild ocean, a favorite Scotch in hand”.

Produktet er vegansk, altså kun naturlege ingrediensar. Til tross for at den har whiskey i namnet er den utan alkohol, og sjølv på min sensitive femihud er det ikkje teikn til svie eller raudheit. Nokre av ingrediensane inkludert er vidundermiddelet aloe vera, antibakteriell tetreolje, havmineral og diverse ekstraktar frå blandt anna blågrøne algar(?). Fancy shit.

Konklusjon: Stilig flaske med eit veldig godt produkt. Det luktar nydeleg og kjennes herleg mot huda. Den svir ikkje, men gjer huda frisk og mjuk. Vel nøgd!

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

Wery good/funny story again. Look at my last B&W post I have nominatet you to the challenge. Hope you take it, looking forvad for nice driftnerd B&W images :)

I'll do my best sir!