The Bank Job: filmtips

in norway •  7 years ago 


Fan av Snatch og Lock, Stock?

For ein del år sida kom det ein del fantastiske filmar frå Guy Ritchie. Den ganske geniale filmmakaren som dessverre kanskje er mest kjend som eksmannen til Madonna.
Rundt tusenårsskiftet kom han med kvalitetsfilmane Lock, Stock & Two Smoking Barrels (1998) og Snatch (2000). 2 intelligente filmar med artige plott og overraskande vendingar. Filmane tok av og førte til ei rekke liknande filmar av andre regissørar, av varierande kvalitet.

The Bank Job (2008) ser eg på som ein slik kopi. Guy Ritchie har ikkje hatt noko med filmen å gjere, men det kjennes nesten slik. Nesten. Stemningen, musikken, kuttinga og filminga, minnar til tider om Snatch. I tillegg har filmen fleire forteljingar som vert fletta inn i kvarandre, med vendingar hit og dit. Det artigaste må nok likevel vere at denne historia er basert på ei sann historie.

Herlege Jason Statham, som også spelar i dei nemnde Guy Ritchie-filmane, spelar hovudrolla Terry. Han er ein småsvindlar som får tips av ei gammal venninne om å rane ein bank. Men det viser seg sjølvsagt at venninna sit på meir info enn ho vil ut med, og at innbrotet ikkje vert fullt så enkelt som planlagd. Filmen byrjar med skikkeleg feel-good stemning. Humoristisk, lys og lett. Utover filmen mørknar den og vert langt dystrare. Ein stemningsendring ein ikkje ser så ofte i filmar, og som for meg gjer den enda meir interessant.

Filmen er eit godt alternativ til dei som savnar gamlefilmane til Ritchie. Du finn den på Netflix.

(dette tipset vart først lagt ut på heimesida mi)

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

Nice.

Treng en ny actionfilm å se på. Gått mye i serier i det siste. Orker ikke starte en ny akkurat nå.

Takker! Lettbeint underholdning med gromguten Statham er alltid bra :)

Ja det er greit det. Så den Wheelman filmen på Netflix. Føltes veldig lik Drive i starten, men utviklet seg litt annerledes.

Føøøøk, den har eg gløymt heilt!!! Må sjå i helga :)