Eg elskar deg.
Full jobb. 4 ungar frå 6 år og nedover. Familie på 6 fordelt på 2 soverom. Eit liv som ikkje er prega av rolege stunder i Lotusstilling, på kanten av oppfyllt Nirvana. Hadde det ikkje vore for morgondusjen hadde eg nok vore dau. Eg hadde gått rundt som ein overtrøytt narkoleptikar med insomnia. Dagen hadde vel forsovidt vorte kort, for eg hadde nok køyrd rett i grøfta på veg til jobb. Dusjen er rett og slett livredninga mi.
I følge min kompis wikipedia var det dei gamle grekarane som var først ute med ein skikkeleg dusj. Før dei fann på å leggje vatn i akveduktar bestod ein dusj av å finne seg eit fossefall. Det ser kanskje fristande ut i filmar, der den lekre dama i bjørnefellsbikini laugar seg, men alle som har stukke ein fot i ei iskald elv veit at det er oppskrytt. Då er det noko anna med ein svakt skoldande dusj. Akkurat heitt nok til å svi og posjere meg raud som ein hummer, men helst ikkje so heitt at huda flassar av.
Moderne fossefall, med heitt vatn.
Eg tykkjer synd i mine etterkommerar. Dei får ikkje oppleve korleis det er å ha eit overflod av vatn. Er dei heldige får dei tørke over kroppen sin med ein halvtørr svamp. Eller kanskje dei har ei handholdt UV-maskin dei dreg over kroppen. Uansett får dei aldri vite korleis det er å velte seg ut av senga i beste kvalross-stil, åle seg inn i dusjen som ein neddopa makk, for so å la dei magiske vassdråpane renne over kroppen og kjenne seg fødd på ny.
Takk gamle grekarar.
Dette innlegget vart skrive når vi budde i ein midlertidig leiligheit medan vårt nye hus vart bygd. Men den er framleis dagsaktuell.
Bilde av dusjhovudet er henta frå: http://www.aventa.no/layout/set/print/Media/Images/dusj-kopi
Bilde av moderne fossefall er henta frå: http://www.home-designing.com/2014/03/shower-room-design
Haha fine :)
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Takk @netskyy. Er du ein dusjfan og?
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
You got a 0.97% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd! Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit