Naken er best.
Ingenting er som å vere naken. Å kjenne element som varme og vind direkte på huda, og å gå rundt og la alt henge i fri dressur, utan restriksjonane som unødvendige klesplagg fører med seg. Vi kom jo trass alt naken til verda. Når vi er små er det ingen reagerar på at vi spring nakne rundt og hylar i glede. Men gjer du det same når du har passert 50 er det nok stor sjanse for at det ikkje blir verdsatt på same måte. Noko eg forsovidt godt kan skjønne.
Sjølv har eg vore ein stor fan av å sove naken. Når eg må vere påkledd heile dagen ellers, så kan eg vel unne meg nokre timars søvn i Adams drakt? Enten du ligg i fosterstilling eller strekk deg fullt ut som ei sjøstjerne, naken er best. Problemet er berre når du får ungar, og desse byrjar bli store.
Fosterstillingen toppar lista.
Det er viktig at ungane får eit naturleg forhold til kropp, og eg meiner at ein del av dette er å kunne sjå både mor og far sin naken. Det å sjå at vi menneske er forskjellige, samtidige som vi har likheiter. Spørsmålet er berre kor lenge ein skal vise seg fram. Når ungane byrjar i skulen er det kanskje på tide å pakke seg inn litt. Derfor har eg gått til innkjøp av pysjamasbukse.
Det er ingenting gale i å sove i boxer, om du likar det. For min del tykkjer eg ofte at boxer kan bli for trange. Dersom du er ein aktiv makkasnorkar slik som meg, som vrir deg rundt kvart femte minutt, er det for at ting kjem i klem, samstundes som vombaflesket vert most av den stramme strikken. Eit alternativ kan vere å bruke ein ekstra stor boxer, som i teorien vil løyse dette. Men praksisen tilseier noko anna. For dersom boxeren er for laus sklir den opp i eksosen så fort ein makkar litt.
Ei pysjbukse, utan bruk av boxer inni, løyser desse problema. Den er forsiktig mot kvalpefettet. Den let utstyret vere i fred. Og med heile bein som sørgjer for strekk i stoffet, unngår du uønska merksemd i avløpet. For meg vert det altså pysjbukse framover. Så slepp dei eldste ungane å vere flau over faren sin nakenheit, medan dei minste heller får bade saman med foreldra, så dei får studert faren sin forfalne figur, og mor si sin stadigt lekrare lekam.
Hugs å ta av pysjen før du går i butikken.
Øverste bilde kjelde
Midtre bilde kjelde
Nederste bilde kjelde
Magisk! Skal pinadø prøve meg på pysjbukse... Irriterende med boxer som nesten holde kvelertak rundt produksjons organene!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
Er ikkje sikkert det er hjelp i med pysj for deg og den massive bukseslangen din veit du :) God helg!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit
You got a 1.29% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd! Want to promote your posts too? Check out the Steem Bot Tracker website for more info. If you would like to support development of @postpromoter and the bot tracker please vote for @yabapmatt for witness!
Downvoting a post can decrease pending rewards and make it less visible. Common reasons:
Submit