Skjergard og fugleliv i øyriket på Bømlo

in norway •  7 years ago  (edited)

Denne gongen vil eg visa nokre bilete der ein kan sjå litt av fuglelivet i skjergarden på Bømlo.
Etter ein fisketur er det heilt vanleg å sløya fisken og kasta fiskeslo til måsen. Måse av ulik slag er ivrige og snappar slo etter kvart som det vert hive overbord. Stundom er dei så ivrige at dei sit på båtripa for å gripe sloa i det den vert kasta ut. Dei måseartane som er mest vanleg å sjå, er gråmåse og svartbak. I Sunnhordland brukar ein ôg namnet havmåse om svartbaken.
Ute på havet dominerer desse to artene. Men når me kjem inn i skjergsarden og nærare land, vert innslaget av småmåsen sterkare. Fiskemåsen eller småmåsen er svært lik gråmåsen. Det som er den viktigaste skilnad på desse to artane når det gjeld utsjånad, er storleiken.

DSC_0042-6.jpg
Dette biletet viser måsen på jakt etter fiskeslo etter sløyinga. Her er det gråmåsen som kjempar om maten.

DSC_0028-7.jpg
Her viser biletet både gråmåse og svartbak som flyg bakom båten.

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

Fine bilder dette her også @Siggjo
Skal prøve på noe av den samme måten å ta bilder av måker på til sommeren :)

Beautiful very nice l love the bird

Nice photo activities birds @siggjo

Very Nice photo flying birds @siggjo