Test av "Prune"

in prune •  7 years ago 


Estetisk eplebonde.

Om du ikkje har skjønt det enda, så har eg ein fetish for grafisk vakre spel.



Prune er nettopp eit slikt spel; presentert i nydeleg grafikk. I duse, avlappande fargar med behageleg musikk.



Prune går ut på å få eit tre til å blomstre. Enkelt å greitt?



Treet blomstrar kun i sola. Derfor må du beskjære treet slik at det rekk opp til sola.



Kappar du ei grein, veks dei andre meir, og strekk seg mot sola.



Vel ute av skuggen er det blomstringstid, og du har klart brettet om du klarar å få nok blomstrar på greinene.



Etter kvart blir sjølvsagt bretta meir og meir vanskeleg. Treet må stadig vekse høgare.



Eller du må få det til å vekse i snodige retningar.



Stadig fleire hindringar dukkar opp. Området vert trangare, trea vert fleir.



Det er mogleg at det berre er eg, som son av ein tidlegare fruktdyrkar, som fell for dette spelet. Men jaggu er det kjekt.
Sjølv om spelet er behageleg i duse fargar, vert du likevel stressa etterkvart som utfordringane eskalerar. Spelet er lett å setje seg inn i og lett å ta opp og spele i korte pausar. Enkelt og greit, men likevel utfordrande så det rekk.

(denne testen la eg først ut på heimesida mi)

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

Ser kult ut.

Har du testa "Hue"? De var gratisspill på Playstation Plus forrige måned. Det var overraskende bra.

Eg sat faktisk og vurderte å laste det ned, men kom aldri so langt. Så no kan eg med andre ord angre?

Angre tja, det er jo nok av andre gode titler å velge mellom, men jeg likte det godt.

Alltid morsomt med spill som viser frem nye ting.

Vart litt for usikker på konseptet til at eg lasta det ned med ein gong. Såg litt stressande ut?

Dette må eg prøve!

The @OriginalWorks bot has determined this post by @driftnerd to be original material and upvoted(1.5%) it!

ezgif.com-resize.gif

To call @OriginalWorks, simply reply to any post with @originalworks or !originalworks in your message!