Oppskrift: Djevelsk Sexy Sjokokake

in norway •  7 years ago  (edited)

Hjartestoppar.

Eg har fleire gonger blitt spurt om oppskrifta til sjokoladekakene mine. Noko som eigentleg gjer meg litt flau, sidan eg berre driv med fjusk og fanteri. Kakene er nemleg basert på ferdigmiks, men då med “noko attåt”. Enklare blir det ikkje, men likevel vert kakene veldig gode. Så her har du oppskrifta.

Du treng:

  • 1 pakke ferdigmiks sjokoladekake frå feks Toro, Regal eller Møllerens. Fordelen med Toro (i alle fall) er at den er glutenfri, om nokon slit med slikt.
  • Smør / margarin
  • Mjølk
  • Rosiner / nøter
  • Sjokoladeplater
  • Minimarshmallows
  • 1 plate mørk kokesjokolade
  • 1 plate lys kokesjokolade
  • Smash
  • Evt andre ting du likar

Dette gjer du:

  1. Lag kakerøra slik som pakken tilseier. Men byt ut vatn med mjølk og olje med smør/margarin. Det er jo ingen smak i vatn og olje folkens.

  2. Bestem deg so for kva du vil ha i røra. Eg likar kakene best når dei er saftige og har bitar med litt tyggemotstand? Derfor har eg som regel i rosiner, og kanskje litt nøter – eventuelt ei Fruktnøtt-sjokoladeplate som erstatning for dette. I tillegg kan du ha i ei Daim Mjelkesjokoladeplate for hardare bitar. Minimarshmallows for litt seige bitar innimellom. Bruk gjerne fantasien og hiv oppi det du vil. Tørka fersken? Toffekuler? Men ikkje gå heilt bananas, Makrell-i-tomat har ingenting i ei sjokoladekake å gjere.

  3. Steik så kaka, men pass på at den ikkje vert for turr. Som regel treng kakene meir steiking enn det som står på pakken, men sjekk den regelmessig så den ikkje vert for turr. Den beste kaka er den som er litt blaut i midten. Sjekk om kaka er ferdig ved å stikke ein tannpirkar/fyrstikk uten svovelenden ned i kaka. Dersom det festar seg veldig mykje røre/kake på stikka er den for blaut. Dersom ingenting festar seg har den i mine auge steikt litt for lenge.

  4. Mens kaka kjølnar litt kan du byrje på glasuren. Smelt lys og mørk kokesjokolade med litevetta mjølk. Når du har smelta dette til ei saftig og lekker smørje, kan du helle denne forsiktig over kaka. Pass på at kaka ikkje er for heit, då renn glasuren litt for fort utover alle andre plassar enn der den skal.

  5. No må du vere kjapp. Rett etter glasuren kan du toppe kaka med det du vil. Pass på å vere litt rask, slik at pynten/toppingen stivnar i lag med glasuren. Dersom glasuren har stivna allereie vert toppingen liggande laust oppå, og slik vil vi vel ikkje ha det? Smash er veldig godt som topping. Då får du litt salt, i tillegg til det søte i kaka.

NB! Dette vert ei svært kraftig kake. Som regel held det med eitt kakestykkje til kvar, for å unngå tetning av blodårer. Denne er derfor fin å ta med på jobben og spandere, eller ha i selskap der det er fleirfaldige menneskeliknande skapningar. Passar også godt til kaffi, for dei som driv med slike narkotiske stoff.

(denne "oppskrifta" la eg først ut på heimesida mi)

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  

This post has received a 80.00 % upvote from @sleeplesswhale thanks to: @driftnerd.

Thank you mam.