Tettegras

in norway •  7 years ago  (edited)

Tettegras (Pinguicula vulgaris) er ei plante som alltid har fascinert meg. Som ganske liten lærte eg at tettegras var ei kjøtetande plante. Det høyrdest spennande ut. No et ikkje tettegras kjøt av dyr eller fuglar, men dei fangar og et insekt. Og det er spennande nok. I dag brukar botanikarar heller insektetande om slike planter. Ved søk på internett på kjøtetande planter kan få mange treff og der tettegras gjerne er nemnd som døme på slike planter.
Veksestaden for tettegras er fuktige og næringsfattige område. Der skaffar planten seg protein og andre byggjestoff ved å fanga insekt. Små insekt vert sitjande fast i eit seigt slim som vert utskilt frå dei lysegrøne blada som sit som ein rosett heilt nede ved bakken. På blada finst det ôg andre kjertlar som skil ut eit enzym som løyser opp protein og anna næring som finst i insektet som vert fanga. På denne måten skaffar tettegras næring på frå elles næringsfattige område. Ofte når det kjem fleire insekt på blada krøllar dei seg saman i bladkantane slik at det vert betre kontakt mellom blad og insekt. På den måten får planten i seg næringa i byttet raskare.

Butterwort (Pinguicula vulgaris) is a plant that has always fascinated me. As a little boy, I learned that butterwort was a carnivorous plant. It sounded exciting. Butterwort does not eat meat from animals or birds, but they catch and eat insects. And that's exciting enough. Today, botanists often call these plants insect-eating. By searching the internet on carnivorous plants can get many hits and where butterwort is mentioned as an example of such plants.
The growing area for butterwort is a moist and nutrient-poor area. The plant acquires protein and other building materials by capturing insects. Small insects remain stuck in a viscous mucus that separates from the light green leaves that sit entirely down the ground. Other glands on the leaves emit an enzyme that dissolves protein and other nutrients found in the insect being caught. In this way, butterwort nourishes from its nutrient-poor area. Often when there are more insects on the leaves, they crumble into leaf edges so that they are well-contacted between leaves and insects. That way, the plant gets nutrition from the insect faster.

tettegras.jpg

DSC_4442.jpg

DSC_4295.jpg

DSC_4453.jpg

Authors get paid when people like you upvote their post.
If you enjoyed what you read here, create your account today and start earning FREE STEEM!
Sort Order:  
  ·  7 years ago (edited)

KEOS held a meetup in Seoul succefully (:

You talk about everything so interesting-thank you very
much for your love of plants and nature.
Read your posts-fun!
Сognitively.
That's interesting.

we have plants that call Zyryanka kruglozerny - they are predatory )) storm for insects .

  ·  7 years ago (edited)

Thanks for writing that you appreciate both the text and the picture @Singa
I am grateful that you like them.

Best regards
@Siggjo

Tettegras har også blitt brukt til å «tetta» mjølk, dvs. få den til å bli tjukk (og sur). Rørosmeieriet oppgjev til og med at kulturen som dei lagar deira tjukkmjølk med har opphav i tettegras.

Eg vil tru det kjem av at insekta som tettegraset fangar har med seg mjølkesyrebakteriar som likar seg i tettegraset og lagar god surmjølk... :-)

Mange takk for supplerande kommentar @Guttormf
Interessant at Rørosmeieriet oppgjev at dei brukar kultur frå tettegras til å laga tjukkmjølk.

Med vennleg helsing
@Siggjo

Eg har ikkje tenkt på om «tette» kjem av desse omtalte eigenskapane, men det kan jo hende...

Interessante planter det. Fascinerende hvordan de har utviklet seg til å leve på steder andre planter vil komme til å slite. De gjødsler seg selv rett og slett med insekter for å kompensere for mangel på næring i jorden.
Ser fine ut gjør de også. :)
God helg!

Alltid hyggeleg med innsiktsfulle kommentarar frå deg @Erlendgroseth
Takk også for mange nyttige tips til fotografering du har gjeve meg i dine kommentarar.
Dei set eg pris på.

Med vennleg helsing
@Siggjol